Saudefaldene skal bytte turbinhjul i Storlivatn kraftverk samt gjennomføre inspeksjon av tunnelen frå Storlivatnet til Sønnå kraftverk. Begge tiltak medfører driftsrestriksjonar for dei to kraftverka.
For å sikre at vedlikehaldsarbeida kan gjennomførast samt redusere flaumfare, er det nødvendig å halde låg vasstand i Slettedalsvatnet i forkant av arbeida.
Saudefaldene har i brev av 24. juni 2024 fått løyve av NVE til å halde vassnivå i Slettedalsvatnet ned mot 20 meter under høgaste regulerte vassnivå, HRV, i perioden 15. juli til 15.september 2024.
Dette vil innebære at vassflata vil kunne bli liggande 10 meter lågare enn normalt sommarnivå (Ihht. gjeldande manøvreringsreglement, gitt ved kgl. Res. 01.04.2011, skal vassnivå i Slettedalsvatnet haldast mellom HRV og HRV -10 meter i sommarsesongen. Resten av året kan vassnivå i Slettedalsvatnet regulerast med inntil 46 meter).