Nye tappeluker ved Slettedalsvatnet

Styret i Saudefaldene har vedteke å gjennomføre prosjektet «Nye tappeluker Slettedalen». Prosjektet skal styrke beredskapen ved damanlegget ved Slettedalsvatnet og sikre at anlegget oppfyller gjeldande krav til trygg og påliteleg drift.

Oversiktsfoto frå Slettedalen. Blått kryss viser plassering av inngang til ny tunnel. 

Bakgrunn for prosjektet

Dei eksisterande tappelukene frå 1958 er i dårlig teknisk stand.

Tappelukene er ein viktig del av beredskapen til damanlegget, og blir manøvrert ved flaumsituasjonar. For å sikre trygg og påliteleg drift også i framtida skal dei eksisterende lukene skiftast ut.

Nye tappeluker og tilkomsttunnel

Prosjektet omfattar bygging av ein ny, om lag 430 meter lang tilkomsttunnel fram til eksisterande tappetunnel.

I tappetunnelen skal det etablerast to nye luker – ei ny tappeluke og ei revisjonsluke. Når dei nye lukene er montert og satt i drift, skal dei eksisterende lukene fjernast.

Flage Maskin AS er tildelt kontrakta for tunnelarbeida, som omfattar driving av tilkomsttunnelen og tilhøyrande betongarbeid.

Fasseland Mekaniske Verksted AS skal levere og montere dei nye lukene.

        Status anleggsarbeid oktober 2026

        Anleggsarbeida starta opp i månadsskiftet september/ oktober 2026.  No i starten blir det gjennomført vegetasjonsrydding og klargjering av området ved anleggsplassen. Det går går òg føre seg vedlikehald av Slettedalsvegen og hogst langs vegen for å førebu komande massetransport. I løpet av dei næraste vekene vil aktiviteten i området auke, mellom anna med etablering av riggområde og inntransport av meir anleggsutstyr.

        Slettedalen er eit viktig område for både hytteeigarar, friluftsfolk og besøkjande. Me ønskjer derfor å informere om at det i tida framover vil vere anleggstrafikk og byggjeaktivitet i området. Me oppmodar alle som ferdast i Slettedalen, om å vere ekstra varsame nær anleggsområda og langs vegen, og om å følgje skilting og eventuelle tilvisingar som blir sette opp.

        Samtidig ønskjer me at både fastbuande, hytteeigarar og tilreisande framleis skal kunne nyte haustferie, hyttelivet og dei flotte naturopplevingane området byr på. Me vil gjere vårt beste for å gjennomføre arbeidet på ein trygg og omsynsfull måte.

        Me vil fortløpande dele meir informasjon om framdrift, aktivitetar og eventuelle forhold som kan påverke ferdsla i området gjennom prosjektperioden.